Rådgjevar for energi og grøn industri
Vil du legge til rette for det grøne skiftet og grøn industrisatsing i Vestland? Unik mogleheit til å jobbe for grøn verdiskaping i Vestland. Stillinga vil ha ei nøkkelrolle i Vestland fylkeskommune sitt arbeid med å vidareutvikle arbeidet med å styrke grøne verdikjeder i fylket og i omstillinga til fornybar energi og auke sirkulærøkonomi i næringslivet i Vestland. Stillinga vil inngå som del av teamet i det tidsavgrensa prosjektet Grøn region Vestland ut 2025. Stillinga vil og vere sentral i fylkeskommunen sitt planarbeid for fornybar energi og kraftnett og strategisk og operativt arbeid med grøne verdikjeder. Stillinga er i Seksjon for Grøn næringsinfrastruktur.
Arbeidsoppgåver
Vi ser for oss ein person med allsidig og relevant erfaring som kan jobbe sjølvstendig og tar initiativ.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Støtte utviklinga av regionale grøne verdikjeder gjennom dialog, rådgivning og koordinering av nettverk.
Dette inkluderer kartlegging av status, utviklingsbehov og implementering av styringsmodell. - Kontakt med aktuelle næringar i fylket
- Identifisere og påverke prioritering av prosjekt for å møte kraftbehovet for viktige industrisatsinger i fylket
- Bidra til å utvikle infrastruktur for grøn skipsfart
- Påverknadsarbeid mot statlege myndigheter
- Oppfølging av industrihubane i prosjektet Grøn Region Vestland
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på mastergradsnivå innan energi
- Naudsynt med god kjennskap til industrien i Vestland
- Kjennskap til sirkulære verdikjedar og industriell symbiose
- Kjennskap til klima og grøn vekst.
- Erfaring frå planarbeid innan energifeltet
- Kjennskap til kraft- og energisituasjonen i Vestland
- Kunne dokumentere gode resultat frå prosjektarbeid
Det er ein føremon med:
- Arbeidserfaring frå industri
- Erfaring frå koordinerande nettverksarbeid
- God kjennskap til offentleg verksemd .
- Etablert regionalt og nasjonalt nettverk, med vekt på energi og industri
- Sterk interesse for energi og energipolitikk
- Ledererfaring
- Erfaring som møteleiar
- Erfaring frå formidlingsarbeid
- Eit godt utviklet kontaktnett med industriaktørar i Vestland
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og gjennomføringsevner.
- Utadvent
- God til å opprette gode relasjonar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Løysingsorientert, og kan skape resultat saman med andre.
- Kunne arbeide sjølvstendig, og vere utviklingsorientert.
- Initiativrik
- Like å jobbe med mennesker
- Samfunnsinteressert og gode allmennkunnskaper
Vi tilbyr
- Motiverande og stimulerande arbeidsmiljø
- Interessante og viktige oppgåver
- Arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk
- Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid