#Sommerspalte 2023:
— Hydra er eit høgdepunkt for alle som jobber med maritim hydrogen
Det viste at ved å jobbe målretta og vere tolmodig får ein resultat, seier Jørgen Kopperstad fra Norwegian Hydrogen.
#1. Vi er nå halvveis i 2023: Hvis du skal trekke frem minst ett høydepunkt så langt: Hva har vært det viktigste for dere det siste halvåret?
Igangsettinga av Hydra på sambandet Hjelmeland-Nesvika var utan tvil eit høgdepunkt for alle som jobber med maritim hydrogen. Gjengen bak dette prosjektet har vist at ved å jobbe målretta og ved å vere tolmodig, får ein resultat. I dag er det berre Norleds Hydra og Nasa som anvender flytande hydrogen som drivstoff.
For oss Norwegian Hydrogen har det vore fleire høgdepunkt:
- Vi har hatt vårt første halvår som medlemmer i Maersk McKinney Møller Center for Zero Carbon Shipping. Senteret jobber målretta for å få null- og lågutsleppsløysingar inn i skipsfarten. Det er svært inspirerande og motiverande å få vere ein del av eit større miljø der alle vil det same, og der medlemmane kontrollerer stor tonnasje.
- Nor-Shipping var viktig. Det er ei krevjande oppgåve å vurdere om ein skal gå på batteri, hydrogen, ammoniakk, metanol eller endåtil kjernekraft. Kunnskapen om korleis ein produserer ammoniakk og metanol sprer seg no betre hos beslutningstakarane, slik at ein lettare kan sjå skilnaden mellom hydrogen (anten i trykksatt eller flytande form) og hydrogenderivater (som metanol og ammoniakk).
- Ellers står lanseringa av prosjekta våre i Ørskog og på Tau som eit veiskifte for tilgjengeligheit av hydrogen i Norge.
I Ørskog åleine har vi eit mål om 270 MW elektrolyse. For å understreke størrelsen av prosjektet på Ørskog, kan ein samanlikne 40.000 tonn hydrogen med diesel. Dersom vi skulle anvende 40.000 hydrogen i skipsfarten, vil den kunne erstatte rundt 150.000 m3 diesel.
#2. Hva ser du mest frem til det neste halvåret?
Første hydrogenen frå fabrikkane våre på Hellesylt og i Hjørring.
#3. Det har vært mye snakk om differansekontrakter, og det meste tyder på at vi nærmer oss en avklaring denne høsten - med virkning fra 2024. Hva vil det eventuelt si for dere, og er det andre tiltak du ønsker å trekke frem?
Det er dyrare å gå for 0-utsleppsløysingar samanlikna med tradisjonelle drivstoff. Differansekontraktar kan gjere denne forskjellen mindre, eller legge føringar for anbud der staten tek differansen.
Det er framleis viktig at ein i modellane for differansekontrakter fokuserer på at CO2-utsleppa er eit globalt problem, og at både utslepp og energieffektivitet er viktig. Ved å isolere spesifikke anbod kan ein risikere suboptimalisering, og dermed bruke tid og ressursar i feil spor.
#4. I fjor var det høye strømpriser, i år har vi lav kronekurs. Har det påvirket dere så langt?
Høge straumprisar og låg kronekurs kjem i tillegg til uskkerheit rundt kva som er framtidas drivstoff. På toppen av det heile har vi ein meir uroleg global situasjon no enn for nokre år sidan, med feks krig i Europa.
Dette gjer at beslutningstakarar er endå meir forsiktige med å gjere investeringar no enn tidlegare. For å kome i mål med prosjekta, vil ein gjerne ha endå mindre teknologisk risiko enn tidlegare, som igjen gjer at beslutningane dreg ut i tid.
#5. Sommerferien nærmer seg, og med tidenes svakeste kronekurs blir utenlandsferien dyr. Hvor tilbringer du årets sommerferie?
Eg har gifta meg inn i ei familie som har samla familien på det glade Sørlandet kvar sommar i mange år. 2023 blir ingen unntak!
Vi har leigd eit hus på Flekkerøya og ser fram til både Lilleputthammer, Dyreparken og lange trilleturar.
#6. Hvis du får kollegaer på besøk i sommer: Hva vil stå på menyen?
Det blir fort sjømat, eventuelt ein perfekt steikt biff.
Trykk her for å se alle deltagerne i vår #Sommerspalte 2023
PS: Også fjorårets sommerspalte var populær, du finner alle deltagerne fra 2022 her!
Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn
Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!